About this role
Ei stilling for deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardag I denne rolla vil du vere utsjekka på både rutegåande og- reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. Når du ikkje er på rutegåande fartøy bidrar du til forefallande arbeid på reservefartøya Sognefjord, Gulen og Bjørnsund. Du får dermed ein unik moglegheit til å byggje brei kompetanse på ei rekke ulike fartøy og samband. Dersom du har interesse for manøvrering og navigasjon anbefalar vi deg å søke. Du kan sjølv velje om du ønsker å gå 14/14 eller 21/21 skiftordning. Det er 71 timer per veke i skiftplanen, og det du arbeider over 71t vert overtid. Fjord tilbyr attraktive velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår og pensjonsordningar. Det er også egne avtalar for dekking av reise for ambulerande tilsette. Det er ein fordel om søkar bur i Nordfjord, men ikkje eit krav. Det er mogleg å bu om bord i vaktperiode. Arbeidsoppgåver Arbeid i henhald til stillingsinstruks, blant anna: Leiar for dekksavdeling. Bidra til at reservefartøy er sjødyktig. God passasjerbehandling. Sikre at billetering og kontroll vert utført. Sikre at lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg. Bistå skipsførar ved behov. Stedfortreder for skipsførar dersom man er kvalifisert for opprykk.. Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat. GMDSS/ROC-sertifikat. Krise- og passasjerhandtering. Gyldig helseerklæring. Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig. Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforskrifta. Personlege eigenskapar Vi leitar etter ein dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og NSOF. Tilsetting i eit solid og anerkjent selskap. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar. Skiftordning: 71t avtale, 2 veke på og 2 veker av eller 3 på 3 av. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, [email protected] Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5157225267 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 05.08.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.