Now hiring

Avdelingsoverlege medisin @ HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leie medisinsk fagutvikling ved eit av Noregs mest unike lokalsjukehus? Ved Odda sjukehus har vi no ledig fast stilling som avdelingsoverlege då noverande avdelingsoverlege går av med pensjon. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiing, utvikling av tenesta og vidareutvikling av framtidas lokalsjukehus. Odda sjukehus er ein viktig del av Helse Fonna sitt akuttilbod og gir tenester til innbyggjarane i Hardanger og indre delar av Sunnhordland. Sjukehuset har akuttmedisinsk beredskap, poliklinikkar og sengepostar innan fleire fagområde, og er kjenneteikna av korte avstandar, brei kompetanse og tett samarbeid på tvers av profesjonar. Som avdelingsoverlege vil du vere ein sentral bidragsytar i arbeidet med å sikre robuste tenester og vidareutvikle medisinsk behandling ved sjukehuset. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, samt vere ein fagleg rådgivar for leiinga. I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utanfor døra. Samstundes er du del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar. Vi ønskjer kandidatar som vil vere med å forme framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus. Oppstart etter avtale. Kva går jobben ut på? Medisinskfagleg rådgiving til avdelingsleiing og klinikkleiing. Medverke til strategisk utvikling av medisinsk teneste ved Odda sjukehus. Delta i leiarmøte og bidra til utvikling av robuste pasientforløp. Fagutvikling og oppfølging av overlegar og LIS-legar, og bidra til framtidig rekruttering. Bidra til god utdanning, supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering. Sikre kvalitet og pasienttryggleik gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid. Delta i klinisk arbeid, vakt og beredskap etter avtale. Samarbeide tett med fagmiljø i Haugesund og andre sjukehus i regionen. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som lege. Spesialist i indremedisin eller relevant grenspesialitet. Erfaring frå sjukehusdrift, erfaring med akuttmedisin er ønskjeleg. Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. God forståing for organisasjon, samhandling og kvalitetsarbeid. Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: er fagleg sterk og utviklingsorientert har gode samarbeidsevner og skapar tillit tek ansvar og bidrar til å finne løysingar er engasjert i rekruttering og kompetansebygging trivst med både klinisk arbeid og leiingsoppgåver Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Ei sentral rolle i eit framtidsretta lokalsjukehus. Moglegheit til å påverke utviklinga av medisinske tenester i området. Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar. Sterkt samarbeid med fagmiljø i Haugesund og resten av Helse Fonna. Tilrettelegging for fagleg utvikling, kurs og vidareutdanning. Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår. Hjelp til å finne bustad, og ved behov støtte til å sjå på jobb moglegheiter for partnar og skule/barnehage for barn. Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. KontaktinformasjonJohn Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5155812266 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores