About this role
Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg! Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på? Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller du blir ferdig utdanna og får autorisasjon i løpet av sommaren 2026. Må ha gode IKT-kunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Kvifor skal du velje oss? Jo, fordi vi har: 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. 🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag. 🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren. 🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben. 🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus KontaktinformasjonAndreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, [email protected] Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5146554624 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna . Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.