About this role
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar; Pasientportørtenesta, Forsyningstenesta og Miljøhall og varetransport. Vi er lærebedrift i logistikkfaget og i portørfaget og satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette. Forsyningstenesta er ein intern serviceseksjon og har som hovudoppgåve å bestille og levere varer som medisinske væsker og forbruksvarer, mat og tøy til avdelingane i sjukehuset. Vi organiserer lager på avdelingar inkludert vareutplassering og haldbarheitskontroll. Seksjonen står også for henting av avfall og skittentøy samt transport av blodprodukt, prøver og utstyr. Vi er organisert med seksjonsleiar og tre driftskoordinatorar og har om lag 52 tilsette. Vi har ledig følgande stilling som forsyningsportør: * 1 x 100% vikariat frå 17.08. - 18.12.2026 Arbeidsoppgåver Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna Transport av skitne og reine senger Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol. Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere psykisk krevande Stillinga medfører arbeid mandag til fredag og kan inneholde dag og kveldsvakter Kvalifikasjonar Fullført vidaregåande allmennfagleg eller yrkesfagleg skule, anna relevant erfaring kan kompensere for utdanning Erfaring som portør eller frå logistikkfaget/detaljhandelen er ein fordel Truckførarbevis klasse T1 er ein fordel Førarkort for bil klasse B er ein fordel Førstehjelpkurs er ein fordel Særs god norsk munnleg framstilling Grunnleggjande datakunnskapar Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og tillitsskapande Du er systematisk og strukturert Påliteleg og punktleg Du er serviceinnstilt og løysingsorientert Du har gode samarbeids evner og godt humør Du har evne til å arbeide sjølstendig og målretta og arbeide i team Du kan jobbe bra under press og takle store mengder arbeid Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonsbyggande eigenskapar Du kan utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Bedriftsidrettslag Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMona Halvorsen, Einingsleiar, 92977678 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5158480192 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 18.12.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.