About this role
Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri. Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk. Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet.Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta. Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt. Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!