About this role
Er du vår nye kollega?Vi søkjer etter ein motivert barne- og ungdomspsykiater ved eit av våre allmennpsykiatriske team i Ålesund.Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon i Ålesund. BUP Ålesund er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og innovativt fagmiljø som gir spesialiserte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. M.a. gir vi spesialisert behandling for OCD og angst etter 4-dagersmodellen. Vi tilbyr høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til lidingar som spiseforstyrrelser (FBT), psykose bl.a. i form av PEF, vi gir behandling for traumer med bl.a. TF-CBT og EMDR. Vidare har vi eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg i stor grad til utvikling av mentaliseringsbaserte gruppebehandlingsformer for ungdommar i fylket.Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetjenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er ei forventa arbeidsoppgåve.Som overlege vil du ha fast arbeidsstad og teamtilknytning til poliklinikken, men vi arbeider for eit sterkt felles familjø i avdelinga og i periodar må ein kunne rekne med arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund servar bakvaktsornding knytt til akutt sengepost/døgnseksjonen, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve (Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelptilbodet i heile fylket). Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern.