About this role
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?Bruli bufellesskap søkjer ein engasjert medarbeidar som ynskjer ein meiningsfull jobb der relasjonar, omsorg og menneske står i sentrum.Hos oss får du moglegheita til å arbeide tett på menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar. Dette er ei spennande stilling for deg som ynskjer å utvikle deg fagleg og personleg, skaffe deg verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid eller prøve noko nytt.Bebuarane på Bruli bur i eigne leilegheiter og mottek individuelt tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape trygge, føreseielege og meiningsfulle kvardagar der den enkelte sine ressursar, ønskje og behov står i fokus. I tillegg yter me tenester til enkelte brukarar som bur utanfor bufellesskapet.Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og eit sterkt engasjement for brukarane våre.