Now hiring

Vernepleiar - 100 % fast @ Vinje kommune

VinjeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe med menneske, utvikle deg fagleg og få støtte frå dag ein?Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp. Arbeidet vårt handlar om å støtte den enkelte i kvardagslege gjeremål, med respekt og fagleg tryggleik.Som nytilsett hos oss får du ein mentor som fylgjer deg tett. Du får tid til refleksjon, rettleiing og støtte – slik at du kjem godt i gang og blir trygg i rolla. Dette er ein del av vårt arbeid for å sikre god opplæring og trivsel frå fyrste dag.Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø og ein positiv gjeng som støttar kvarandre. Me har eit breitt fagleg fokus og jobbar aktivt for å halde oss oppdaterte, slik at bebuarane får eit best mogleg tilbod. Me legg vekt på utvikling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og bruk av ny teknologi.Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar fjerde helg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores