Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare!Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar!Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Du får nytte heile breidda av sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit.Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr mellom anna faste fagdagar i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollega. Her arbeider sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar tett saman i team, og vi samarbeidar dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga.Vi har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Ønskjer du ein anna stillingsprosent, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsstorleik.Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for å gå langvakter både på kvardagar og i helgar (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter (kvar tredje helg) dersom det passar best.Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og hematologi, set pris på eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei meiningsfull pasientgruppe, håpar vi å motta ein søknad frå deg!Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er du vår nye kollega?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores