About this role
Seksjon for kreftbehandling og palliasjon ved SNR søkjer ein dyktig og serviceinnstilt sekretær/helsesekretær som ønskjer å bidra til god pasientbehandling og eit trygt og inkluderande behandlingsmiljø. Vi har ledig eit 70 % vikariat i perioden 01.10.2026–30.09.2027.Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere i Kristiansund, men det må reknast med arbeid ved SNR Hjelset éin til to dagar per veke. I samband med ferieavvikling, som vinterferie, haustferie, sommarferie og romjul, er vi samlokaliserte på SNR Hjelset.Som sekretær/helsesekretær får du ei sentral rolle i det administrative arbeidet rundt pasientbehandlinga ved kreftpoliklinikkane på begge lokasjonane. Du vil få grundig opplæring i arbeidsoppgåver ved både Kristiansund og Hjelset, og vi ønskjer at du er fleksibel når det gjeld arbeidsstad ved fråvær og ferieavvikling.Seksjonen har ein kultur prega av samarbeid, fleksibilitet og tillit. Vi legg til rette for fleksible arbeidstidsordningar og bruk av heimekontor når det er føremålstenleg.Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement. Arbeidskvardagen kan vere travel, men du vil oppleve eit godt arbeidsfellesskap der medarbeidarane blir verdsette og tekne godt vare på.Vi ser fram til å motta søknaden din – kanskje er det nettopp du som blir vår nye kollega i dette flotte teamet!