About this role
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir om skulen på htttps://www.arstad.vgs.noTil leiargruppa søkjer vi etter ein tydleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (InSchool) og skuleårsplanlegginga. Du jobbar tett saman med ein annan leiar om denne oppgåva. Stillinga er ledig frå 15.10.26 eller så snart som mogleg.