About this role
Fitjar vidaregåande skule finn du på Fitjar. Skulen har omlag 190 elevar og 32 tilsette. Visjonen til skulen er "Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera - ein god stad å læra". Alle tilsette er tett på elevane, og verdiane våre er:Me bryr oss. Alle er gode medmenneske!Saman gjer me kvarandre gode.Kvalitet i alle ledd.Skulen legg vekt på at læring skjer i samspel og deltaking mellom menneske. Me samarbeider godt med lokalt næringsliv og legg stor vekt på praksisnær undervisning.Fitjar vgs har desse utdanningsprogramma: Helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, frisør-blomster-interiør- og eksponeringsdesign, påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 og Vg4) og modulstrukturert vaksenopplæring (MVOV) innan helsearbeidarfag og kokkfag.Skulen har frå 1. november 2026 følgjande stilling ledig: - 65 % fast stilling som programfaglærar på modulstrukturert vaksenopplæring for kokkfag/Vg1 Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag.