Now hiring

Avdelingsoverlege medisin @ Helse Fonna HF

ODDAOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å forme framtida for eitt av Norges mest unike lokalsjukehus?Ved Odda sjukehus har vi no ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiarskap. Vår avdelingsoverlege går av med pensjon, og vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert spesialist som vil ta stafettpinnen vidare. Som avdelingsoverlege blir du ein sentral pådrivar for fagutvikling, kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som du får vere ein del av eit tett og inkluderande fagmiljø på tvers av profesjonar. Her får du påverke utviklinga av medisinske tenester ved eit moderne lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar og sterke tradisjonar. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, og vere ein sentral fagleg rådgivar for leiinga.I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utanfor døra. Samstundes blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar.Vi ønskjer deg som ser moglegheiter, tek ansvar og vil vere med å vidareutvikle framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores