About this role
Ledig vikariat for sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar – inntil 100 % stilling ved sjukehusa i Volda og Ålesund!Helse Møre og Romsdal HF har ledig eit vikariat i inntil 100 % stilling som sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar. Vi ønskjer søkjarar med relevant utdanning og kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle samtalar. Vi oppmodar kandidatar frå prestetenesta, diakonien og andre tru- og livssynstradisjonar til å søkje.Den utlyste stillinga omfattar arbeid ved sjukehusa i Volda og Ålesund, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området. Stillinga kan fordelast mellom éin eller fleire medarbeidarar. Vi oppmodar difor også søkjarar som ønskjer å arbeide ved berre éin av arbeidsstadene, eller som ikkje har høve til å fylle heile stillinga, om å sende inn søknad. Preste- og samtaletenesta er ei livssynsope teneste som tilbyr støtte og samtalar til pasientar og pårørande, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Vi ønskjer derfor eit mangfald av søkjarar med kompetanse og erfaring frå ulike tru- og livssynstradisjonar.Tenesta består i dag av fire prestar som til saman utgjer 3,2 årsverk. Den som blir tilsett, vil ha delt arbeidsstad mellom Volda sjukehus, Ålesund sjukehus og tilknytte tenester innan psykisk helsevern og rus. Den endelege fordelinga av arbeidstid mellom institusjonane blir planlagt i dialog med den eller dei som blir tilsette.Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar med minst to faglege samlingar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane, og legg til rette for vidareutdanning, kurs og spesialistkompetanse innan klinisk presteteneste eller tilsvarande fagområde.