About this role
Vi søkjer ein lege i spesialisering med eit brennande engasjement for onkologi. Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 01.09.2026, med moglegheit for fleksibilitet når det gjeld oppstartsdato.Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal tilbyr eit breitt og framtidsretta krefttilbod ved fleire sjukehus i fylket:Kreftpoliklinikk, palliativt team, Pusterom og satellitt-Vardesenter ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset og i KristiansundOnkologiske og palliative senger ved medisinsk sengepost på SNR HjelsetKreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom i VoldaFylkesdekkjande sengepost, kreftpoliklinikk, stråleterapieining, palliativt team, Pusterom og Vardesenter i ÅlesundOnkologi er eit spennande og variert fagfelt i rask utvikling. Nye behandlingsmetodar og stadig fleire behandlingsmoglegheiter gjer at faget er i kontinuerleg endring. Vi ser etter deg som trivst med fagleg utvikling, har interesse for moderne kreftbehandling og ønskjer å arbeide i tverrfaglege team til beste for pasientane.Som LIS hos oss får du eit spesialiseringsløp med tett oppfølging og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. For å oppnå alle læringsmåla i spesialiteten må delar av utdanningsløpet gjennomførast i Ålesund og ved universitetsklinikk. Dette blir tilrettelagt individuelt for kvar enkelt lege.Kreftpoliklinikken vår er kjenneteikna av eit sterkt fagmiljø, godt kollegialt samhald og høg kompetanse. Vi legg stor vekt på rettleiing og oppfølging gjennom heile utdanningsløpet, og har etablert fadderordning for nye LIS-legar.Dei onkologiske legane i seksjonen er organiserte i faggrupper innan gastrointestinal kreft, malignt melanom, uro-onkologi og brystkreft. Dette gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping og kompetanseutvikling innan ulike delar av onkologien.Onkologi er òg eit fag med sterke forskingstradisjonar. Klinikken har eige forskingsutval, og for interesserte kandidatar finst det gode moglegheiter for å delta i forskings- og utviklingsarbeid. Seksjonane våre tilbyr eit breitt spekter av onkologiske tenester til pasientar i heile fylket. Vi behandlar også pasientar frå andre helseføretak når faglege og geografiske omsyn tilseier det.Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved SNR Hjelset, men det kan også vere aktuelt å arbeide enkelte dagar ved kreftpoliklinikken i Kristiansund.