Now hiring

Geoteknikar @ Vestland fylkeskommune

LeikangerOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer og 30 ferjesamband.Vestland fylkeskommune skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet.Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.Geo og skredseksjonen er ein del av avdeling vegfag, ei avdeling med fokus på tverrfagleg samararbeid internt i eiga avdeling og i oppdrag for andre avdelingar i organisasjonen.For å styrke vårt geotekniske fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter 2 erfarne geoteknikarar som med sin kompetanse vil bli sentrale fagressursar når vi i framtida skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.Geo og skredseksjonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag 4 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 1 vegteknolog og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.For desse to stillingane vil Leikanger og Bergen vere aktuelle kontorstader. Voss kan og vere aktuell kontorstad for kvalifiserte søkarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores