Now hiring

Seksjonsleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Dialyse Ålesund. Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag. Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen. Oppdraget til medisinsk avdeling er å levere spesialisthelsetenester av høg kvalitet til innbyggarane i Møre og Romsdal. Våre verdiar bygger på tryggleik, respekt og kvalitet. God opplæring og leiarstøtte vil bli gitt! Vi har eit høgt faglig nivå med fokus på utvikling av pasientens helseteneste innanfor dei akutelle fagområda. Vi håper du vil vere den som driv dette arbeidet videre! Arbeidsoppgåver Seksjonsleiar vil inngå i avdelinga si leiargruppe, og ha avdelingssjef som sin nærmaste overordna Utvikle tenestetilbodet - vere pådrivar for nytenkning Ansvar for personalleiing, oppfølging av tilsette, ressurs- og økonomistyring Resultatansvar i henhold til leiaravtale for: kvalitet, fag, personalleiing, budsjett og HMS Bidra til at fagutvikling og kompetansesamansetning er i tråd med framtidige behov og målsetting Jobbe for eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom seksjonar og andre samarbeidspartnarar internt og eksternt Bidra til at ein gjennom tverrfaglig leiing og samarbeid oppnår klinikken, avdelinga og seksjonen sine definerte mål Ivareta administrative oppgåver innanfor ansvarsområdet Gjennom planlegging, organisering, leiing og utvikling skal seksjonsleiar sørge for drift av eigen seksjon iht. ambisiøse mål Kvalifikasjonar Minimum 3-årig høgskuleutdanning på bachelornivå innan helse- og sosial Leiarutdanning og/eller -erfaring er ein fordel Det er ønskeleg med erfaring med personal, fag og økonomi oppfølging, herunder budsjett og regnskap Det er ønskeleg med erfaring frå endrings- og omstillingsprosessar, samt erfaring frå arbeid med generell arbeidsmiljøutvikling Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse frå turnusplanlegging God digital kompetanse og behersking av IKT verktøy Personlig eignaheit vektleggast Personlege eigenskapar Du er fagleg sterk, og er god til å involvere, motivere, delegere og skape arbeidsglede Du skapar engasjement, og evner å oppnå resultat gjennom medarbeidarar Du ser nødvendigheita av endringsprosessar og står trygt i dei Du evner å arbeide både operasjonelt og strategisk mot krevande mål Du er ein trygg og glad person, som har gode samarbeidsevner og kan inspirere dine medarbeidarar Du er beslutningsdyktig, fleksibel og viser handlekraft Du ser nødvendigheita i å ha eit godt samarbeid på tvers av avdelingar og seksjonar, og på tvers av tenestenivå Du er strukturert og sjølvstendig Evner å vidareutvikle kultur for samarbeid, refleksjon, kunnskapsdeling og forbedring God skriftleg og muntleg framstillingsevne Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Eit solid og godt fagmiljø Ein arbeidsplass med fokus på nærvær og trivsel Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonJørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149868960 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdra

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores