About this role
Kirurgisk kontortjeneste ved Ålesund Sjukehus søkjer ein engasjert helsesekretær/sekretær i midlertidig 100% stilling for 1 år. Arbeidet vil i hovudsak bestå av å administrere inntak for ortopedisk poliklinikk, men det er og pårekna delvis ekspedisjonsarbeid for kirurgisk poliklinikk. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og til eit positivt arbeidsmiljø. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Arbeidsoppgåver Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling. Planleggje timar ved ortopedisk poliklinikk, pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, og yte god pasientservice via telefon. Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon. Ta del i forbetringsarbeidet i seksjonen ved å oppretthalde rapportar og melde eventuelle fristbrot. Anna praktisk og førefallande arbeid som kan dukke opp ved behov. Kvalifikasjonar Har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skritleg, og er komfortabel med å føre ein samtale på engelsk ved behov. Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men relevant erfaring som sekretær frå ortopedisk fagområde vil bli vektlagt. Gode IT-kunnskapar. Det er ønskeleg med god kjennskap til Helseplattformen frå før av. Personlege eigenskapar Positiv og ein god relasjonsbyggjar som er lett å samarbeide med. Du må vere omstillingsdyktig, då det kan skje endringar på kort tid. Fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet. Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper og evnar å sjå eit heilheitleg bilete av ein situasjon. Å vere personleg eigna vil bli vektlagt i vurderinga. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. KontaktinformasjonSarah Malen Hagerup, Konst. seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149767781 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 06.08.2027 Søknadsfrist: 16.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal