About this role
Aukra kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for eining Helse i 30 % fast stilling. Eining Helse er ein del av sektor for helse og omsorg og omfattar legetenesta, jordmorteneste, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon, skulehelseteneste, samt psykisk helse og rus. Eininga har ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen, med særleg fokus på førebygging, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og berekraftige tenester. Aukra kommune er inne i eit spennande utviklingsarbeid, der vi skal utvikle framtidsretta berekraftige og innovative helse- og omsorgstenester til beste for innbyggjarane. Som einingsleiar får du ei viktig rolle i dette arbeidet og høve til å påverke korleis framtidas helsetenester skal utformast. Som einingsleiar vil du ha overordna ansvar for fag, økonomi og personal innan eininga, leie avdelingsleiarane i eininga og vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Arbeidsoppgåver Overordna ansvar for drift, økonomi, fag og personal i eininga Leie og støtte avdelingsleiarane i deira arbeid Bidra til strategisk utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen Sikre god kvalitet, pasienttryggleik og forsvarlege tenester Bidra til tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt Delta aktivt i kommunen sitt utviklings- og omstillingsarbeid Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning Leiarutdanning er ønskjeleg. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning. Erfaring frå leiing og utviklingsarbeid innan helse- og omsorgstenester er ønskjeleg God økonomiforståing og kunnskap om offentleg forvaltning Gode digitale ferdigheiter og forståing for utvikling og innovasjon i helsetenestene Personlege eigenskapar Vi søkjer ein leiar som: er tydeleg, trygg og inkluderande i leiarrolla har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar er strukturert og har god gjennomføringsevne er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring og omstilling er oppteken av å skape gode tenester gjennom samarbeid, medverknad og innovasjon bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer medarbeidarane Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande og utviklande leiarstilling i ein kommune med høge ambisjonar for helse- og omsorgstenestene Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Stillinga er ei fast 30 % stilling og kan vere godt eigna å kombinere med klinisk arbeid eller anna relevant stilling, etter nærare avtale. Mangfald Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på seks månader. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt. Offentleg søkjarliste Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje. Søknad Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling». Søknadsfrist: 09.08.2026 Utlyst dato: 02.07.2026 Kontaktperson Silje Liepelt, kommunalsjef for helse og omsorg Telefon: 918 22 250 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing