Now hiring

Psykolog/Psykologspesialist @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt. Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering. HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging. HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: habilitering, klinisk vaksenpsykologi, helse, rus og avhengigheitspsykologi. For denne stillinga er det aktuelt med fleire spesialistar. HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, pedagogar og sekretærar. Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet. Habiliteringsavdelinga er for tida lokalisert i Olav Bjordals veg 29, på Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås høsten 2028 for samlokalisering med øvrige eininger i klinikken. Tilsetjingsdato er fra snarest eller etter nærare avtale. Sjå elles våre internettsider: Les meir Arbeidsoppgåver Utgreiing og diagnostisering Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid Bidra i fagutvikling Kurs, undervising og pasientopplæring internt og eksternt Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog Gode skriftlige og muntlige norskkunnskaper (B2-nivå) Kjennskap til og interesse for fagfeltet Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Tilpasningsdyktig Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig Trivsel med tverrfagleg samarbeid Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa Vi tilbyr deg Spennande utfordringar og oppgåver Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar Opplæring og rettleiing Eit robust og triveleg arbeidsmiljø Fleksitidsavtale Veiledning og kurs for spesialistutdanning Gode pensjonsordningar Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626 Arbeidsstad Olav Bjordals veg 29 5111 Breistein Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5147034904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores