About this role
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: 1 x 100 % fast stilling 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. Rettleiing av studentar og kollegaer. Samhandling med kommunar. Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og strukturert Du har eit fagleg engasjement Du viser fleksibilitet og evne til omstilling Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig Du har gode kommunikasjonsferdigheiter Du er positiv og har gode haldningar Du er pasientorientert Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, [email protected] Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, [email protected] Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal