About this role
Vi søkjer ein klinisk ernæringsfysiolog til ei 100 % mellombels stilling ut året. Deretter vil det være mogleg med 40 % stilling vidare fram til september 2027. Det er eit godt fagleg samarbeid mellom dei kliniske ernæringsfysiologane i dei ulike avdelingane. Stillinga omfattar arbeid både i poliklinikk og på sengepost. Tilsetting snarleg etter avtale. Ved intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden, Arbeidsoppgåver Ernæringsbehandling av pasientar med samansatte problemstillingar Samarbeid om videreutvikling av ernæringstilbodet Deltaking i tverrfaglege team og kompetanseheving Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande Undervisning og rådgjeving av helsepersonell Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog God munnleg og skriftleg norskkunnskap Erfaring med ernæringsdokumentasjon Relevant klinisk erfaring Personlege eigenskapar Du er fagleg dyktig, engasjert og kunnskapssøkande Du er strukturert, effektiv og sjølvstendig Du er fleksibel og løysingssorientert Du har pågangsmot og gjennomføringsevne Du har god pedagogisk formidlingsevne, både munnleg og skriftleg Du samarbeider og kommuniserer godt med pasientar, kollegaer og andre faggrupper Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonAnn-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5150845569 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 22.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal