Now hiring

Skipsførar på moderne ferje @ FJORD1 AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i sambandet Husavik–Sandvikvåg, p.t. om bord på vår flotte el-ferje MF Husavik. På dette sambandet går ein i døgnskift, inkludert helg, i rotasjon 12 dagar på og 9 dagar fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri. Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land. Oppstart august. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus. Kvalifikasjonar Minimum D3 ROC/GMDSS-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdighetssertifikat medisinsk behandling Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund. Arbeidsperiode 12 dagar. Døgnskift kvardagar og helg, etterfølgt av 9 dagar fri. Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, 902 102 32, [email protected] ArbeidsstedE39 13 5419 Fitjar Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5154590329 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.07.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores