Now hiring

Politioverbetjent med funksjon politifagleg etterforskingsleiar @ BERGEN SENTRUM POLITIHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga I Vest politidistrikt, ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen sentrum, Seksjon for etterforsking av vald- og sedskapslovbrot, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL) på sedskapsavsnittet. Seksjonen består av valdtektsavsnittet (seksuelle overgrep mot vaksne) og sedskapsavsnittet (seksuelle overgrep mot barn). Kvart avsnitt er organisert i fleire team med om lag fem etterforskarar, leia av ein teamleiar. I tillegg har vi to dedikerte DPA-fagkontaktar og ein sivil medarbeidar som skriv avhøyr. Vi arbeider i team saman med faste påtalejuristar. Saman set vi saman puslespelbrikkene som dannar det store biletet i komplekse straffesaker. Med stort fokus på HMS og eit ungt, men fagleg sterkt arbeidsmiljø samarbeider vi om å etterforske nokre av dei mest alvorlege straffesakene i politidistriktet. Hos oss får du ein givande, variert og utfordrande arbeidskvardag. Arbeidet omfattar mellom anna aksjonar med pågripingar og ransakingar, krevjande og spennande avhøyr av både vaksne og barn, gjennomgang av elektroniske beslag og arbeid med biologiske spor. Vi samarbeider tett med andre fagmiljø, mellom anna innan analyse, kriminalteknikk og digitalt politiarbeid. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, kompetanse og ulike perspektiv. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte medarbeidarar som ønskjer å arbeide med og møte utfordringar knytte til etterforsking av seksuallovbrot. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og er gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og til å byggje tillit hos publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår. Du må ha god gjennomføringsevne og kunne handtere krevjande og hektiske arbeidssituasjonar med høgt arbeidspress. I vurderinga av kandidatane vil vi mellom anna leggje vekt på desse eigenskapane, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Vere hovudetterforskar og politifagleg etterforskingsleiar i større og komplekse saker innan seksuallovbrot Gjennomføre etterforskingsskritt i eigne saker og yte støtte til seksjonen ved behov Bistå teamleiarar med porteføljestyring og saksoppfølging på eige avsnitt Delta i tiltaksguppa for NCMEC-saker og følgje opp tilhøyrande oppgåver Saman med påtaleansvarleg og teamleiar prioritere etterforskingsskritt i tråd med hypotesar og informasjonsbehov Sikre god styring av etterforskinga og målretta informasjonsinnhenting i straffesaker Bidra til høg kvalitet og gode resultat i seksjonen si saksbehandling I samarbeid med PEL-ar på andre avsnitt bidra til fagutvikling, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling på seksjonen Bidra med faglege innspel til planlegging og gjennomføring av HEVE Halde seg oppdatert på fagområdet og sikre erfaringsoverføring til teamleiarar og etterforskarar Bidra til einskapleg praksis på tvers av team og avsnitt Fremje ein kultur prega av openheit gjennom god etterforskingsleiing og aktivt medarbeidarskap Bidra til opplæring og fagleg oppfølging av nytilsette og studentar Sørgje for god kommunikasjon internt og med eksterne samarbeidspartnarar Delta aktivt i arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø Utføre andre arbeidsoppgåver pålagde av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Krav om politiskule/politihøgskule Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast. God kjennskap og bruk av Indicia prosjektløsning Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg Erfaring i bruk av politiets IKT verktøy og evne til å kunne ta i bruk nye metoder innan etterforsking Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet. Det er også ønskjeleg med: Brei etterforskingserfaring, erfaring med etterforsking av sedelighetssaker og gjennomgang av elektronisk beslag blir vektlagt Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljestyring blir vektlagt Vidareutdanning innan etterforsking og ledelse blir vektlagt Personlege eigenskapar Gode leiareigenskapar med evne til å motivera medarbeidarane, setje retning, driva endring og bidra til god verksemdsutvikling Resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder Evne til god kommunikasjon og relasjonsbyggjing Evne til å jobbe effektivt i eit hektisk arbeidsmiljø vektlegges Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap, forstå eige rolle i eininga og eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet Evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til etterforskning av sedelighetsovertredelser. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og me

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores