About this role
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste (FOT), Seksjon for operative tenester er det ledig fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som avsnittsleiar ved operasjonssentralen, avsnitt 3. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. I tillegg er Stabssjef i Vest politidistrikt underlagt eininga.
Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metodeutvikling. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar. Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama. Vi er på jobb for eit trygt Noreg.
Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer ein tydeleg og engasjert leiar som trivst med å ta ansvar for både menneske og resultat. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Du har god evne til å organisere og prioritere i ein hektisk kvardag, og du blir motivert av å utvikle medarbeidarar og fagmiljø. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
- I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø Arbeidsoppgåver Personal-, resultat- og HMS-ansvar for avsnittet Ansvar for organisering og dagleg oppfølging av ansatte og oppgåver ved avsnittet Leia og utvikla avsnittet, under dette ha hovudfokus på medarbeidarar, fag og produksjon Leia avsnittet i samsvar med definerte strategiar, planar og mål Ivareta dagleg leiing og bidra til fagleg utvikling ved avsnittet Leggja til rette for at oppgåver kan utførast med føresett kvalitet og at ressursane blir utnytta effektivt med fokus på effektiv tenesteproduksjon Medverka til godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag Bidra aktivt i leiargruppa til seksjonen, følgja opp avgjerdene i leiargruppa og setja i verk vedtekne endringar Ved behov delta i den daglege tenesta.
Skal kunne fungere som operasjonsleiar, oppdragsleiar og operatør Må rekne med turnusarbeid dersom dette vert pålagt Andre oppgåver pålagt av overordna Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing.
Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved seksjonen.
Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen God resultatoppnåing i tidlegare stillingar Brei politifagleg erfaring Kunnskap om politidistriktet sitt plan-og instruksverk og styrande dokument Kunnskap om HMS og arbeidsmiljø God kjennskap til politiets oppgåver og utfordringar God skriftleg og munnleg framføring i norsk og engelsk God IT- og systemkunnskap Den som blir tilsett må kunne klarerast og autoriserast for HEMMELEG jf. Sikkerhetsloven Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet.
Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet. Ønskelege kvalifikasjonar som blir vektlagt: Leiarutdanning fortrinnsvis på høgskule-/ universitetsnivå Leiarerfaring Erfaring som operatør, oppdragsleiar eller operasjonsleiar frå politiets operasjonssentral Kunnskap om personal- og økonomistyring Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk Erfaring med endringsprosessar og endringsleiing Personlege eigenskapar Evne til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling Evne til å handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar Resultat- og løysningsorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne Motivere og skape resultat i samhandling med andre Gode leiareigenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Som leiar må du i tillegg kunne leie isamsvar med vår medarbeiderplattform. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som avsnittsleiar frå kr: 910.000,- brutto pr. år. Nytt gradssystem frå 2027 kan medføre endringar i stillingskode og stillingsnemning.
Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger. Les mer her . Bedriftshelseteneste Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju. Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten.
Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette. Om arbeidsgiveren: Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.