Now hiring

Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi? Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026. Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, utviklar seg og spelar kvarandre gode. Hos oss får du dyktige kollegaer, god opplæring og tett oppfølging i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg nysgjerrigheit. For søkjaraar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten slik at samla stillingsstorleik kan bli 100 %. Arbeidsoppgåver Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV) Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid i eit fagmiljø med både praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver Delta i øvrige oppgåver ved Nevro- og revmapoliklinikken Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i seksjonen Kvalifikasjonar Vi ønskjer primært ein offentleg godkjend sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant utdanning kan også søkje Erfaring innan nevrologi og/eller klinisk nevrofysiologi er ein fordel, men ikkje eit krav Gode IT-kunnskapar og teknisk forståing Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er teknisk anlagt, har god digital kompetanse og likar å setje deg inn i ny teknologi Du har gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus Du har gode samarbeidsevner, fagleg interesse og engasjement Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team Du er fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr God opplæring. Strukturert oppleæring innan klinisk nevrofysiologi Rettleiing og fagleg støtte frå erfarne kollegaer Høgt fagleg nivå Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538 Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5154244635 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores