About this role
Om avdelinga: Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane her er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter og korttidspasientar. Pasientane kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Denne stillinga er lagt under avdeling Nord. Stillinga blir lagt i årsturnus. Deler av stilling ligg i timebank. Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 35 000,- Arbeidsoppgåver: Oppfølging, pleie og behandling av pasientane Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei Arbeide lojalt og aktivt etter Øygarden lokalmedisinske senter sitt krav til kvalitet og fagprosedyrar for å sikre forsvarleg tenester Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid Tverrfagleg arbeid Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø Kvalifikasjonar: Autorisert sjukepleiar Ønskjeleg med: Spesiell interesse eller utdanning innan området eldrehelse/geriatri Personlege eigenskapar: Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar under rehabilitering, palliasjon og øyeblikkleg hjelp innlegging. Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering. Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten Du viser engasjement i arbeidet ditt Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap Du har god IT-kunnskap Du er systematisk og har god orden Du snakkar og skriv godt norsk Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Tonje Tangen Alvsvåg - Einingsleiar 997 00 857 Maria Fjeldstad - Avdelingsleiar 941 34 055 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.