About this role
Om avdelinga: Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. Pasientane som har døgnopphald kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Nattevaktene jobbar saman i eit team. Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar. Alle sjukepleiarar i turnus får eit tillegg på kr 35 000 og alle på natt får i tillegg kr 40 000 for nattarbeid. Arbeidsoppgåver: Oppfølging, pleie og behandling av pasientane på natt Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid om studentar på natt Tverrfagleg arbeid Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø Kvalifikasjonar: Autorisert sjukepleiar Personlege eigenskapar: Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar, palliative pasientar og ØH-pasienter Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering. Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap Du har god IT-kunnskap Du er systematisk og har god orden Du snakkar og skriv godt norsk Du viser engasjement i arbeidet ditt Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20 Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.