Now hiring

Sjukepleiar nattevakt @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig fast 65 % nattevakt stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvar dag i eit godt arbeidsmiljø? Det kan vi tilby. Sengeposten har 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø i avdelingen vår. Det blir planlagt ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side. Arbeidsoppgåver Pre- og postoperativ sjukepleie Utøve sjukepleie, observasjon og behandling til pasientane Samarbeide med pleiepersonell og legar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant sjukehuserfaring er ein fordel Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Positiv og løysingsorientert Ansvarsbevisst og fleksibel Fagleg engasjert Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga Vi tilbyr Spennande avdeling med høgt fagleg nivå innen fleire fagfelt med stor variasjon i sjukepleiefaglege prosedyrar Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonKjersti Kleppestø Walde, Seksjonsleiar, +47 55973502 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5153852166 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores