About this role
Er du vår nye kollega? Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i KSK med tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt. Vi gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell der Støtte SOP er ein av de tre seksjonar som gir service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar: 2 x 100% faste assistenter. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer. Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i avdelinga. Arbeidsoppgåver Assistent- per dags dato: Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver Rengjering og desinfisering av medisink gjenbruksutstyr Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for "flaskehalsar" Rullering på ulike einingar må påreknas Arbeidsoppgåver kan bli endra i takt med utvikling. Kvalifikasjonar Gjennomført vidaregåande skole Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365) Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfelta Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du arbeider målretta og strukturert Du har høg arbeidsmoral Du er punktleg og påliteleg Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre Du er i god fysisk form Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på Vi tilbyr Opplæring i alle våre system Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø Mentor i opplæringsperioden Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonPia Flatebø, Seksjonsleiar, +47 55970680 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154926411 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 06.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.