About this role
Vi har ledig to faste 80% stillingar og ei fast 90% stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A. Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige. Arbeidsoppgåver Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver Legemiddelhandtering Sjukepleieprosedyrar Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit Rettleiing av studentar og kollegaer Kontinuerlig forbetringsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå sjukehus og kirurgi er ønskeleg Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel Du er ansvarsbevisst Du er engasjert og lærevillig Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonAndre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5153252822 Stillingsprosent: 80, 90% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal