Now hiring

Pleieassistent @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten. Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking. Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post. Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse. Arbeidsoppgåver Stell, pleie og omsorg for pasientar Observasjon av vitale parametre ved overvaking og ved fastvakt Skylleromsarbeid, og holde orden i avdelinga Tverrfagleg samarbeid med dei andre yrkesgruppene i avdelinga Kvalifikasjonar Ein søker etter hjelpepleiar/helserfagarbeidar/sjukepleiestudentar/pleieassistentar med erfaring innan sjukehus og med interesse for infeksjonssjukdommar og akutt sjuke Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og å vere fleksibel Interesse for infeksjonsmedisin og akutt/ intensivmedisin Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Ansvarsbevisst Ha respekt for kvar enkelt pasient Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Konkurransedyktig pensjonsordning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154940833 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores