Now hiring

Sjukepleiar - 100% fast @ Vinje kommune

VinjeOnsiteFull-timePosted 1 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!Dette er Vinje sjukeheim:Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupperSomatisk langtidsavdeling: 12 plassarKorttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Sjukepleiar - 100% fast at Vinje kommune | ResuMinder Jobs