About this role
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmrVi har ledig:1 x 100 % fast stilling1 x 83 % fast stillingStillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.