About this role
Tilkallingsvikarar / helgestillingar/ vikariat i Miljøtenesta i Time kommune Det vil til tider vera behov for tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i dei ulike avdelingane i miljøtenesta i Time kommune.Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer i kva for ein avdeling du kan tenka deg å jobba. Miljøtenesta består av følgande avdelingar:Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande, Bryne Aktivitetssenter, Nubben Bufelleskap og fleire BPA ordningar. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.Det finns stipendordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar.Det er krav om politiattest for alle områda.