About this role
Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune. Det vil til tider vera behov for ringevikarar og helgestillingar i verksemda heimetenester og rehabilitering. Alle avdelingane i verksemda samarbeider tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i. Verksemda har fire avdelingar med mellom anna heimesjukepleie, bufellesskap, dagsenter og korttids- og rehabiliteringsavdeling. Avdeling nord: Avdelinga held til på Kvernaland omsorgssenter og har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester ute i brukaren sin heim. Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen. Avdeling vest: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og har bufellesskap for eldre i tillegg til heimetenester ute i brukaren sin heim. Korttid- og rehabiliteringsavdelinga: Avdelinga held til på Sivdamheimen og har 24 plassar for pasientar som treng korttidsopphald og rehabilitering. Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju. Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar. Det er krav om politiattest for alle områda. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.