Now hiring

Helsefagarbeider ved Skodje heimeteneste @ Ålesund kommune

SkodjeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I distriktet Skodje har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidarar i heimetenesta. Arbeid er todelt med dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Overgang til årsturnus frå 2027. Heimetenesta består av heimebuande i distriktet Skodje, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein både fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsleiligheiter, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og institusjonskjøkken.Heimetenesta har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter. Dette inkluderer Ådalen allé, som er omsorgsleiligheter med heildøgns omsorg.Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krev høg fagleg kompetanse.Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.I tenesta blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores