Now hiring

Sjukepleiar - PSHT team @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å vidareutvikle eit betre og meir heilskapleg helsetenestetilbod for pasientar med samansette og/eller kroniske sjukdomar?Vi har ledig ei 50 % prosjektstilling for sjukepleiar i Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) frå snarast mogleg og til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.Vi søkjer deg som ønskjer å kombinere klinisk sjukepleie med samhandling, koordinering og utviklingsarbeid. Du blir motivert av å finne gode løysingar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta, og ønskjer å bidra til at pasientar med samansette behov opplever heilskaplege og trygge pasientforløp.Pasientsentrert helseteam (PSHT) er eit tverrfagleg samhandlingsteam som arbeider for å skape heilheitlege og trygge pasientforløp for skrøpelege eldre og pasientar med samansette og kroniske sjukdomar. PSHT-teamet er knytt til både SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset) og DMS (Distriktsmedisinsk senter Kristiansund). Teamet samarbeider tett med kommunane og spesialisthelsetenesta, og bidreg både til betre utskriving frå sjukehus og til å førebyggje innleggingar gjennom tidleg og koordinert oppfølging.Arbeidsstad er SNR Hjelset, men ambulerende verksemd må påreknast.PSHT-teamet ved SNR/DMS består av lege, sjukepleiar, farmasøyt og prosjektressursar knytte til kommunane i Nordmøre og Romsdal.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores