About this role
Vil du ha ein jobb der du utviklar deg- og samtidig gjer ein forskjell?I Høyanger får du begge delar. Her møter du eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø, faglege utfordringar og kollegaer som heiar på deg.Vestland tannhelseteneste- Høyanger tannklinikk har ledig 100% fast stilling som tannlege, med oppstart etter avtale.Vi har og ledig 100% vikariat med moglegheit for fast tilsetting.Kvifor Høyanger?Høyanger ligg vakkert til ved Sognefjorden og har rundt 2000 innbyggjarar i tettstaden og 3900 i heile kommunen. Staden har eit levande lokalsamfunn og ei rik industrihistorie særleg knytt til aluminium.Her får du:Skiturar rett frå døra: Preppa løyper berre 10 minutt frå sentrum, frå november til april.Fantastiske toppturar både sommar og vinter.Fiske og jakt: Daleelva byr på gode moglegheiter for laksefiske, og jakt og fiskelaget er aktive innan både hjortejakt og småviltjakt.Trening og aktivitet: Nytt treningssenter, Høyangerbadet med 3 badebasseng og sklie og eit idrettslag med eit breitt tilbod.Kort reiseveg til Bergen, og kort veg til næraste flyplass, Bringeland.Sletting av studielån: Høyanger kommune er med i den nye nasjonale ordninga for gjeldsslette. Det betyr at du kan få 25 000 kroner avskrive kvart år, så lenge du oppfyller vilkåra.Om Høyanger tannklinikk:Klinikken er moderne, triveleg og består av:3 tannlegar1 tannpleiar3 tannhelsesekretærarLokala vart totalrenovert i 2019 og ligg i same bygg som vidaregåande skule- med Høyangerbadet og idrettsanlegget som næraste naboar.Her får du :Eit godt arbeidsmiljøVariert pasientgrunnlag i alle aldersgrupper, inkludert vaksneGode moglegheiter for fagleg utviklingHøyanger - Fjord NorwayVestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Det er om lag 550 tilsette i Vestland fylkeskommune, fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.