About this role
Vil du jobba med menneske?I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss.Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/helgestilling/matvert i helse og omsorg. Søkjer du her vil søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter denne fristen, må du søkja på nytt.Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell. Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/