About this role
Spennande fagstilling for ergoterapeut i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. Personar med utviklingshemming utgjer den største pasientgruppa. Fagfeltet er variert og grensar til fleire ulike spesialitetar. I pasientoppfølginga inngår det ofte samarbeid med kommunale instansar, pårørande og andre einingar i spesialisthelsetenesta.Stillinga som ergoterapeut er særleg retta mot personar med følgetilstandar etter skadar eller sjukdom i nervesystemet, som til dømes cerebral parese. Problemstillingane er ofte komplekse, og det er gjerne nødvendig med tett samarbeid mellom fleire instansar som følgjer opp pasienten og dei pårørande/nærpersonar over tid, for å finne gode og varige løysingar.Vi har eit eige tverrfagleg Team for motorikk og habilitering med ergoterapeut, fysioterapeut og overlege som arbeider tett saman. Det er primært i dette teamet ergoterapeuten vil ha sitt arbeid. Oppfølging av personar med utviklingshemming, autisme og andre følgetilstandar kan òg inngå i stillinga.Vi søkjer etter ein ergoterapeut, helst med vidareutdanning. Personar utan vidareutdanning, men med relevant erfaring, er òg velkomne til å søkje. Vi ønskjer ein fagperson med erfaring frå og interesse for målgruppa. Opplæring vil bli gitt.HAVO er sett saman av fleire yrkesgrupper: overlegar, psykologar, vernepleiarar, pedagogar, ergo- og fysioterapeutar, i tillegg til sekretærar. Arbeidsforma er i hovudsak poliklinisk for ergoterapeutar, men inneber i noko grad òg ambulant arbeid. Vi nyttar eigne tenestebilar.Avdelinga er lokalisert i Olav Bjordals veg 29 på Breistein. Det er gode parkeringsmoglegheiter. Det er planlagt flytting til Nordås innan 2028 for samlokalisering med dei andre avdelingane i klinikken.Vikariatet er ledig frå snarast eller nærare avtale.