About this role
Vil du arbeide med kompleks habilitering i spesialisthelsetenesta? Spennande fagstilling i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO). Habiliteringsavdelinga for vaksne er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som òg omfattar Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.HAVO gir tenester til vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er både spennande og variert, og har berøringspunkt mot fleire andre spesialområde. Oppfølginga av pasientar skjer ofte i tett samarbeid med kommunale tenester, pårørande, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetenesta. Dei sentrale arbeidsoppgåvene i HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgiving i tråd med Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot personar med utviklingshemming og autismespekterforstyrringar, som i tillegg kan ha psykiske helseutfordringar og åtferd som utfordrar. Problemstillingane er ofte komplekse og samansette, og krev tett, tverrfagleg samarbeid – særleg med psykolog og overlege.Vi søkjer vernepleiar eller annan relevant bachelorutdanna fagperson. Til denne stillinga er det yngjelige helst med vidareutdanning innan psykisk helse eller åtferd som utfordrar. Vi legg vekt på at du har brei erfaring frå målgruppa og eit tydeleg engasjement for fag- og kompetanseutvikling. HAVO har lovpålagt ansvar knytt til oppfølging etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova, og det er derfor viktig med god forståing for regelverk og praktisk lovanvending.HAVO er samansett av eit tverrfagleg team med overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeutar og sekretærar. Vernepleiarane utgjer den største faggruppa. Vi arbeider både ambulant og poliklinisk, og disponerer eigne tenestebilar.Avdelinga held til i Olav Bjordals veg 29 på Breistein, med gode parkeringsmoglegheiter. Hausten 2028 skal avdelinga flytte til nye lokale og samlokaliserast med resten av ReHabiliteringsklinikken på Nordås.Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale.