About this role
Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommuneFrå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.