Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar @ Tokke kommune

DalenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar Tokke kommune søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus i 100% vikariat frå 14.12.26 tom. 31.10.27 med mogleg forlenging. Sjukepleiar/vernepleiar med anna relevant vidareutdanning kan også søkje.Arbeidsoppgåver vert innan psykisk helse og rus. Arbeidstida er dagtid på kvardagar, men noko kurs/møter og einskilde dagar med miljøterapi på ettermiddag/kveldstid, må ein rekne med. Kommunen har fleksitidsordning. Kommunen har fast 5 årsverk i psykisk helse og rus. Psykisk helse og rus har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon og skulehelsetenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.Tokke kommune prioriterer utvikling av fagkompetanse og tenestene i kommunen, så du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar. I tillegg har kommunen eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores