About this role
Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter?Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar.Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.