About this role
I rolla som prorektor for utdanning og samhandling vil du leie arbeidet med å utvikle Fagskulen Vestland til ein viktiginstitusjon i Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt.Fagskulesektoren er i stor endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen vidare som høgareutdanningsinstitusjon. Samstundes ønskjer skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigasteleverandøren av etter- og vidareutdanning og yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Fagskulane vil i løpet av dei kommande åra få moglegheit til å få større fullmaktar enn dei har i dag og vil også kunne tilby utdanningar på nivå seks og sju i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. Dette krev at instutisjonen klarar å handtere ein høg grad av autonomi samstundes som ein framstår som ein instutisjon. Krav til dialog og samarbeid både internt og ekstern er avgjerande for om Fagskulen Vestland lukkast med desse oppgåvene. Stillinga får ansvarsområde sitt knytt til Studiestadane Nordnes og Hjeltnes, og vil ha eit overordna ansvar for den pedagogiske utvikling og læringskvalitet ved aktuelle studiestadar. Prorektor skal sikre ein god samhandling mellom administrasjon og pedagogikk ved studiestadane. Arbeidsstad vert i Bergen.