Now hiring

Reinhaldsleiar @ Vestland fylkeskommune

VossOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Eigedoms- og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er om lag 800 000 m², og utgjer mellom anna vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg og kultur- og administrasjonsbygg. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der kvar reinhaldsleiar har ansvar for 1-4 lokasjonar kvar. Vi trur at kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant dei tilsette. Vår ledige stilling som Reinhaldsleiar er for tida knytt til lokasjonane Voss vidaregåandeskule, Voss gymnas, Hjeltnes Produksjonsskule og Sogn hage- og jordbruksskule. Vi søkja ein erfaren og engasjert leiar, som kan motivera sine tilsette og bidra til eit godt arbeidsmiljø.Vi har arbeid godt med arbeidsmiljøet i eininga og vann i 2024 arbeidsmiljøpris, og dette er vi veldig stolte av. Som reinhaldsleiar vil du vere med på å oppretthalde fokuset på nærværsarbeid i avdelinga. Den som blir tilsett må påberekna litt reise i samband med jobben. Stillinga er ledig frå 01.09.2026.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det er krav til politiattest. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorskVi legg vekt på personleg eigenskapar.Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores