About this role
Vi søkjer Overlege ved Lokal Sikkerhetsavdeling (LS)Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering ( LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, og Sikkerheitspoliklinikken.Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar og stabilitet i behandlinga.Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov.I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av sengepostane og meir samanhengande pasientforløp. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan lokal sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege ved Lokal sikkerheitsavdeling. Sengeposten tar imot pasientar med alvorlege psykiske lidingar og høg risiko for vald, ofte i kombinasjon med personlegdomsforstyrringar og rusproblematikk. Overlegen vil vere sentral i vidareutviklinga og ombygginga av det lokale sikkerheitstilbodet i Helse Bergen.