Now hiring

Rådgjevar @ Vestland fylkeskommune

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe med dei som går i front for grøn omstilling i Vestland? Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping.Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland.Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg?Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores