Now hiring

Familierettleiar - psykisk helseteam for barn og unge @ Giske kommune

ValderøyaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe tett på barn, unge og familiar - og vere med på å gjere ein forskjell tidleg i livet? Vi søkjer ein engasjert familierettleiar til eit spennande vikariat i psykisk helseteam for barn og unge, med varighet på inntil 15 månedar i perioden 01.10.2026-31.12.2027. Hos oss blir du del av eit lite og dedikert fagmiljø, med stort engasjement for tidleg innsats, relasjonelt arbeid og å bidra til positiv utvikling hos barn og unge. Vi kan tilby ein innhaldsrik og meiningsfull kvardag med oppfølging av familiar i ulike livssituasjonar, der du som familierettleiar får stor tillit og ansvar i det sjølvstendige arbeidet. Om stillingaDu blir ein del av eit tverrfagleg team med psykolog og familierettleiar (begge i 100% stilling), som arbeider både klinisk og systemisk med barn, unge og familiar. Vi er opptekne av tidleg innsats og forebygging, god relasjonsbygging, og å sjå ressursane i og rundt barnet. Arbeidskvardagen er variert og inkluderer både direkte arbeid med familiar, til dømes individualsamtalar med barn og unge, familiesamtalar og foreldrerettleiing, og samarbeid med relevante tenester rundt barnet.Stillinga er organisert i eining Barn, familie og helse, og ein har stort fokus på tverrfagleg samarbeid innad i eininga med mål om god, tidlig innsats. Arbeidsstad er rådhuset på Valderøya.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores